Sola går ned over heiene eg
høyrer ei røyst seie eg veit
eg kjennar smerta di,
gjer du
Eg har aldri vore her før
ei røyst seier ho kjenner meg
eg kan sjå andleta deira
dei ser slitne ut, anstrengde.
Krøllar meg saman i ball
som mørke månen eg ventar.
Ventar på at røysta skal stilne
Sjølvmedynk
under eit slør av omsorg,
men mørkeret fordriv
orda, dei forbanna orda
eg pratar ikkje
men eg likar månen
kjennar meg mest som månen me
er på eit vis to, me
høyrer saman.
Krøllar meg saman til ein ball som månen
Det finnst eit samisk pronomen månnoeh
det betyr me to;
månnoeh leam; me er
stille.
Du og eg måne aldri åleine
alltid denne røysta desse orda
rundt oss i oss med oss
forandra måten eg såg på verda
ho snakkar om meg
nei ho snakkar om seg sjølv.
Du forandra meg seier ho.
Låg sol raud jord snart sort
under bakken er allting mørkt
mauregg er kvite
ligg som snø inni bakken
han tolkar ikkje mitt nærvær som trygt
eit straumgjerde går langs eigendomsgrensa
den lågmælte summinga frå dei straumførande stålstrengene
kviskrar monotont
ingen stader er du trygg
du kan verte drepen einkvan augneblink
du kjem ikkje til å klare deg.
Om eg kunne flydd over gjerdet;
men eg kan ikkje fly
ikkje prate heller
han likar ikkje grenser eg veit
ikkje kva som er verst:
Å vere fanga i ei plastbøtte
eller inni ein trist kvit manns projisering av eigne ubearbeida traumer samt ignoranse av vanegjorte overtramp.
– jo det veit eg.
Når eg har moglegheit
spring eg att og fram mellom grastustane
teiknar opp forslag til nye grenser,
tenkjar han kan lere noko av det
men han let ikkje til å få det med seg.
Om eg kunne hadde eg teke han med til Larvik
på ein husvegg nedi byen der finnst det eit bilete og eit sitat
av Thor Heyerdahl om grenser, at dei eigentleg ikkje finnst
han hadde vel ikkje skjønt ironien.
Det finnst i hvertfall holer mellom gjerdene
holer = natt.
Eg likar snike meg inn i dei eg likar natta
eit par av dei er perfekte:
Går han etter meg, som han alltid gjer,
vert han sittande fast.
Tar han meg ut om kvelden er han åleine
har han ikkje andre å hjelpe seg.
Ein gong måtte han liggje der heile natta
og sprelle med beina.
Etter ei stund stilna også han.
Eg fann ein annan utgong satte meg på haugen
såg på månen. Det er favorittingen min.
Ein kvit ljosande running på svarte himlen.
Sort fullmåne sort jord
lyden av sirissar nattfuglar motorvegen
og alle tankane som køyrer avgarde
eg hadde unt dei ei slik natt.
Etterpå gjekk eg til ein råtten stamme eg veit om.
Åt litt egg.
Eg måtte gje han litt plass høyrde eg han sei
nokre veker seinare,
det var då eg forstod at ord er flytande
nett som glass.
aatatatoiiatoooidaaa
Han byrja skrive ord som traumer, safe space
i journalfila mi
eg skjønte teikninga.
Ikkje alle her i gården er slik.
Reinhaldsarbeidaren seier ikkje stort men
smilar når han ser meg.
så fortsett han med sitt medan han nynnar
på That Rainy Day
av Wes Montgomery
Innimellom stoggar han opp midt i arbeidet
stirrar ut over fristaden,
det er det dei kallar det.
Det varar ein augneblink
så fortsett han med moppinga nynninga
ser vel noko viktig.
Overflata hans er sort
slik månen er kvit.
Eg stolar på denne mannen
med mitt liv.
Månen du månen eg,
det kjennst som du óg er sperra inne
her mellom gjerdene.
Dei snakkar om å sette meg fri.
Men kva med deg
skal du fortsette vere her inne
for det kjem jo nye til.
Heile tida kjem nye som meg.
Anar ikkje kva dei må tole,
og for dei
vil du jo alltid vere her
og kva meiner dei med fri