Me såg sola gå ned frå Vettakollen 
du smakte jern. Blod
frå underleppa

Pyttar 
med dis 
låg der nede

mellom haugane. Dogg
på bjørkelauva
me sa det i kor:

Bjørk,
lauv. Månnoeh
er eit sørsamisk pronomen det betyr
me to.

Pronomen er eit alternativ
det var ei tid full av dei
eg sa:

Du, eg
muäna ho.
Samisk er fleire språk

nord sør
lule pite ume
kildni enare skolt


er du ikkje heilt god i skolten
kunne far seie.
Skolt betyr skalle.

Pronomen kan stå i staden for namnet:
Ho han du vi
det kan óg vere ei setning til dømes:

Morgondogg på vindauget, støvkorn
strødd ut over eikeparketten
lydlause rop om hjelp på eit utdøydd språk

eller det kan vere eit anna namn
klengjenamn kallenamn
sjølverklærte namn.
Eg gir nye namn 
om dei gamle ikkje passar.